Snøgg - Bryting

Leiar: Kenn Roger Eriksen
Telefon: 913 84 398
Kontaktperson: Kenn Roger Eriksen
Telefon: 913 84 398

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Bryting

Bryting er ein kampsport der to utøvarar bryt med kvarandre på ei matte på golvet. I bryting skal ein prøve å kaste eller presse motstandaren over på ryggen, med begge skuldrene ned i matta. Dei to som bryt med kvarandre skal vera om lag like store.

Under ein brytekamp skal utøvarane ha på seg raud og blå drakt. Kamptida er to periodar på tre minutt, med 30 sekund pause mellom periodane. Det finst to måtar å vinne over motstandaren. Den eine blir kalla fallseier. Ein skal då prøve å få motstandaren over på ryggen. Den andre er poengseier. Då må ein vinne ved å samle poeng for grep, kast og situasjonar. Deltakarar som bryt med kvarandre blir delt inn i ulike vektklasser.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk