Nesøya IL - Ishockey

Leiar: Lars Mørkås
Telefon: 469 75 252
Kontaktperson: Lars Mørkås
Telefon: 469 75 252

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Ishockey

Ishockey er ein lagsport som spelast på ein isbane med to mål. Kvart lag består gjerne av 25 spelarar, kor dei har 5 utespelarar og 1 keeper ute på banen samtidig. Målet for desse to laga er å, ved hjelp av køller, skyte ein puck inn i motstandarens mål. Kvar speler har eigna verneutstyr som skal hindre skader, anten ved samanstøyt med motspelar, eller fall i isen. Dette er ein sport med høg fart og intensitet. Den har eigne regler som skal vere med å skape ein rettferdig kamp, men også hindre ulykker og skader.

Gjennom ishockeyen vil du få mange fantastiske opplevingar, og du vil kjenne på kameratskap, glede og meistring. Ishockeysportens særeigne kombinasjon av skøytegåing, kølle og puck gjer at den skil seg frå det meste anna. Ishockey opplevast derfor som ekstremt morosamt. I tillegg utviklar aktiviteten blant anna balanse, motorikk, koordinasjon og stabilitet – ferdigheiter som vil vere nyttige å ha med seinare i livet.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk