IL ROS - Volleyball

Leiar: Stine Herring Olsen
Telefon: 911 34 519
Kontaktperson: Stine Herring Olsen
Telefon: 911 34 519

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Volleyball

Volleyball er eit ballspel som blir spelt på ein volleyballbane med eit 2,43 meter høgt nett i midten. Det er to lag som speler mot kvarandre med seks spelarar kvar. Ein bruker for det meste hendene til å slå ballen frå side til side over nettet, der målet er å slå ballen ned i bakken på banehalvdelen til motstandaren.

Det er også lov å bruka andre delar av kroppen til å slå ballen, bortsett frå ved serve. Kvart lag kan berre berøra ballen tre gonger før han må sendast over nettet. For å vinna ein volleyballkamp må eit lag vinna tre sett, der dei fire første setta blir spelte til 25 poeng. Eit femte avgjerande sett blir berre spelt til 15 poeng. For å vinna eit sett må ein også ha to poeng meir enn motstandarlaget. Volleyball er ein populær idrett som kan spelast året rundt, og det blir arrangert både små og store volleyballturneringar.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk