Holmen Tennisklubb

Leiar: Nils Axel Hveding
Telefon: 900 83 275
Kontaktperson: Nils Axel Hveding
Telefon: 900 83 275

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Tennis

Tennis er eit innandørs eller utandørs ballspel som vert utøvd av to lag med anten ein eller to spelarar per lag. Tennis vert spelt på ein 23,77 meter lang tennisbane, og utstyret som vert brukt er ein strenga racket og ein kvit eller gul gummiball. Tennis går ut på at ein skal slå ballen fram og tilbake over eit nett på tvers av spelbanen. Ballen skal returnerast direkte eller etter ein sprett i bakken.

I tennis må ein bevege seg fort, og hurtigheit og uthald er derfor viktig om ein skal verta ein god tennisspelar. I tillegg er styrke, spesielt i armane, viktig for å slå ballen over på andre sida av nettet. Ein ballveksling startar ved at ein speler kaster ballen over hovudet og slår den ned i motstandarens serve-rute. Ballvekslinga fortsett heilt til ein av spelarane ikkje klarer å returnere ballen og taper dermed poenget. I ein tenniskamp vert resultat rekna i game og sett. Gutar speler fem eller tre sett, medan jenter berre speler tre sett. Setta består av game, og om ein vinn fire ballvekslingar før motstandaren har vunne tre, vinn ein eit game. Eit sett vert vunne av den som først vinn seks games, utan at den andre spelaren har fleire enn fire. Vinn ein to eller tre sett har ein vunne kampen.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk