Hurdal Paintball Klubb

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Paintball

Helgen Idrettslag har, som det einaste idrettslaget i Noreg, tilbod om Paintball. Me har haldt på i om lag 10 år. Paintball er ein aktivitet kor spelarane er utstyrt med maske, markør (den du skyt med), og magasin med ball. Ballen sprekk når den treff motstandar, dekning osv. Tilbodet er ope for alle som måtte ynskje det, uansett alder (bare maska passer) og kjønn.

Me har spelarar i alderen 9-50 år – både gutar og jenter. Nokre spelar berre for moro skyld, mens andre er aktivt med på turneringar. Det er valfritt! Me har skogbane og turneringsbane ute. Aktiviteten startar når snøen går, og me gjev oss i oktober. Alle får vera med å spele, uansett ferdigheitsnivå! Dei erfarne spelarane lærer gjerne opp nybegynnarar! Me har utstyr til gratis utlån, men ball må deltakarane betale for (100 kr for 500 ball).

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk