#
Bogeskyting er ein idrett som går ut på å skyta med pil og boge mot eit mål. Boga er eigentleg eit veldig gammalt våpen som har vorte brukte til jakt og kamp i tusenvis av år. I dag blir bogen brukt for det meste til hobby og konkurranseskyting. Bogeskyting er også ei olympisk grein.
Nokre boger er laga av eit enkelt trestykke og er enkeltbøygde medan meir moderne boger ofte er dobbeltbøygde. Pilane er som oftast av metall og plast. Når ein skal skyta med pil og boge, set ein pila midt på snora, held med peike, -og langfinger på snora rett over og under pila, for så å trekkja snora mot seg. Når ein slepper snora, fyk pila av garde. Det er ulike konkurranseformer innanfor bogeskyting, som baneskyting, jakt og feltskyting. Ved baneskyting er målskiva sirkelrund og delt i ti like breie ringar med poeng frå éin til ti. Det gjeld å treffa slik at ein får mest mogleg poeng. Til liks med skiskyting er konsentrasjon og god presisjon viktig når ein skyt med pil og boge.