Øyfjell Trenings- og Kettlebellklubb

Leiar: Trine Lothe
Telefon: 932 16 744
Kontaktperson: Trine Lothe
Telefon: 932 16 744

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Kettlebell

Kettlebells - eller ”kanonkuler med handtak”- har utspring frå Russland heilt tilbake til 1700-talet. Styrke- og kondisjonstrening med kettlebells var lenge ein godt bevart hemmelegheit innan spesialstyrker i det russiske forsvaret, men då jernteppet fall, spreidde treningsforma seg raskt vestover. Treninga legg stor vekt på øvingar som er eksplosive og uthaldande. Ein trenar alle dei store muskelgruppene, og viktig støttemuskulatur.

Ein har konkurransar der ein nyttar kettlebells. Ein kallar det Kettlebell Sport (opprinneleg Girevoy Sport i Russland) og Kettlebell Maraton. Her blir det løfta i 10, 30 eller 60 minuttar. Dei fleste brukar ”kulene” til generell styrketrening. «Kulene» er også populære hos spesialstyrkane i forsvaret, politi og brannvesen. I Russland blir kettlebells ofte kalla ”the Russian home gym”, noko som er svært treffande sagt. Har du 1-2 kettlebells av passeleg tyngde , kan du trene heile kroppen på ein effektiv måte.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk