Taekwondo er ein gammal, koreask kampkunst, som i dag er ei grein innan sjølvforsvar og ein konkurranseidrett. Det er ei svært allsidig form for trening. Særskilde kjenneteikn er aktiv bruk av beina til høge, kraftige spark og hopp. I denne idretten får ein utvikla smidigheit, hurtigheit og sjølvdisiplin.
Taekwondo tar sikte på å utvikle heile mennesket, ikkje berre det fysiske. Ein tar utgangspunkt i eigne føresetnader, og det passar dermed for barn, mosjonistar og for dei som ønsker å konkurrere. Utøvarane i Taekwondo har på seg kvite drakter med farga belter som ut ifrå farge indikerer grad av dyktigheit hos den enkelte. Det viktigaste i Taekwondo er å overvinne seg sjølv, og filosofien bygger på verdiar som medmenneskelegdom, rettferd, god folkeskikk, visdom og tillit.