Mannskoret Brage

Leiar: Asbjørn Hagen
Telefon: 416 64 116
Kontaktperson: Asbjørn Hagen

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Mannskoret Brage

Velkommen til Mannskoret Brage. Koret har lange tradisjonar å vise til. Det vart starta allereie i 1913. For mange har det tradisjonelt vore ei politisk sak. I dag er det FELLESSKAPET, KAMERATSKAPET og SANGEN som er det viktige. Me har nokre faste framsyningar i løpet av året. 1. mai syng me i Notodden ved Rallaren. Me syng òg ved Haugmotun og Gransherad Bygdeheim. Til jul syng me ved Haugmotun. Koret deltek òg på stemner, fortrinnsvis i Noreg, men òg i resten av Skandinavia.

Repertoaret vårt spenner i frå gamle sjømannsviser, arbeidarsongar, country, humoristiske songar, og nyare songar. Koret samlar seg kvar torsdag kl. 18:30 i Storsalen på Skoland i Notodden. Me meiner alle har ei stemme. Som medlem i vårt kor vil du få ein mentor. Han vil ta hand om deg og lære deg songane. Me ynskjer alle velkommen.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk