Hurum Sjakklubb

Leiar: Asle Magnus Lien
Telefon: 993 16 248
Kontaktperson: Asle Magnus Lien
Telefon: 993 16 248

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Sjakk

Sjakk er eit særs gammalt strategi- og selskapsspel, men det er òg eit profesjonelt tevlingsspel. Det er anslått at over 600 millionar menneskjer spelar sjakk, verda over. Sjakk er kjent for sin kompleksitet, og er derfor gjenstand for utbreidde studiar, spesialisert litteratur og eigne dataprogram som kan rekne ut millionar av moglege trekk.

Sjakk vert spelt av to personar på eit kvadratisk brett med 64 felt, der kvar speler leiar kvar sin hær beståande av 16 brikker. Målet med spelet er å setje motstandarens konge under angrep på ein slik måte at motstandaren ikkje har nokon lovlege trekk. Kongen er då «sjakk matt». Eit spill i sjakk kallast «parti». I byrjinga av partiet startar spelaren som har lyse brikker med å flytte ei brikke – eit såkalla «trekk». Deretter er det motstandaren med dei mørke brikkene sin tur. Slik vekslar motstandarane mellom å utføre trekk, etter spesielle regler for korleis dei ulike bretten kan bevege seg på brettet. Motstandaranes brikker vert slegne og fjernast frå brettet ved å flytte eigne brikker til feltet dei står på. Spelereglane i sjakk er enkle, men taktikk og strategi kan vera særs avansert.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk