Asker Motorsportklubb

Leder: Harald E. Sehl
Kontaktperson: Elin Vandevjen
Telefon: 90116604
 

Motocross

Motorkross er ein motorsport der ein køyrer med køyredoningar på eigne banar i terrenget. Banane har ujamt underlag, og der er mange hopp. Motorcrossbanar kan vera opp til 3 kilometer lange og har ei breidde på rundt 8 meter. Den gjennomsnittlege hastigheita skal ikkje vera over 55 kilometer i timen.

Eit løp vert vanlegvis køyrt over to omgangar. Opptil 40 utøvarar startar samtidig. Undervegs i løpet blir det gitt signal til utøvarane med ulike flagg. Eksempel: raudt flagg står for stopp, og gult flagg viser fare. Motorcross krev styrke og god koordinasjon. Det finst fleire typer motorcross, på både to hjul, som er motorcross (MX), og fire hjul, som vert kalla ATV. Freestyle motorcross er ein ekstremsport som går føre seg på ein innandørs, spesiallaga bane. Gutar og jenter kan begynne frå dei har fylt fem år.

Velg språk

Aktuelt språk: Nynorsk