Noreg er eit land med uendeleg mange høve for spanande og innhaldsrikt liv. Det gode liv i fjellheimen går blant anna ut på å ta ansvar for morosame aktivitetar. I den vesle fjellbygda Øyfjell, lengst aust i Vinje, har ein aktiv gjeng gått saman om å organisere alle aktivitetar som ikkje er knytt til eit idrettslag.
Tilboda varierer frå fatbikesykling i eiga løype som vert preparert heile vinteren, til turskøyting på islagte vatn, puddersurfing (snøbrett utan bindingar), elvepadling, turpadling, bogeskyting og banekøyring med fjernstyrte bilar. Følg oss på Facebook, og ta gjerne kontakt om du har lyst til å vere med på noko av det me driv med!