Det finst ulike greiner innanfor skøyter. Dei mest vanlege er hurtigløp, kortbaneløp og kunstløp. I hurtigløp skal utøvarane gå på skøyter så fort som mogleg på ein isbane inne, eller ute på islagde skøytebanar. I skøyteidrett er god ballanse og koordinasjon viktig.
I hurtigløp på skøyter startar deltakarane to og to, i delte banar på ein 400 m rundbane, og vert så rangert etter tid. Den som kjem fyrst over målstreken, vinn løpet. Kortbaneløp er også hurtigløp på rundbane, men her er banen mindre. Ved kortbaneløp har deltakarane både hjelm, hanskar og knebeskyttarar, da det ofte blir mykje kroppskontakt gjennom løpet. Kunstløp er ei grein innan skøyteidrett. Ein kan utføre hopp, piruettar og andre øvelsar på ein isbane, aleine eller som par. Dette vert utført til akkompagnement av musikk.