Snøgg Friidrett

Litt om Friidrett

 

Friidrett er konkurransar i løp, hopp og kast. Dette går føre seg på ein utandørs arena som har ein 400 meter lang bane rundt ein indre grasbane. Nokre øvingar kan også gå føre seg innandørs.

Ved øvingar i løp startar løparane samtidig, og dei prøver å koma fyrst i mål. Det er fleire ulike øvingar i løp. Nokre av dei mest vanlege er sprint, stafettløp og hekkeløp. Ved sprint skal ein springe så fort ein kan over ein kort avstand. Ved stafettløp er ein på lag og vekslar på å springe med dei andre på laget. Ved hekkeløp skal ein springe så fort ein kan og samtidig hoppe over hekkar undervegs. Friidrett har mange morosame øvingar. Ein kan nemne lengde- og høgdehopp, spyd, diskos, kulestøyt, sleggekast, stavsprang, kappgang og tresteg.

Kontakt Snøgg Friidrett

Leder: Anne Helle Skåre
Telefon: 916 05 798
Mail: Anne.skare@notodden.kommune.no
Kontaktperson: Anne Helle Skåre
Telefon: 916 05 798
Mail: Anne.skare@notodden.kommune.no