Ein hund som er trent til å utføre nyttige og praktiske oppgåver, vert kalla brukshund. Tradisjonelt har ulike hundar blitt bruka til å gjete eller jakte, og trekkhundar til å trekke vogn eller slede. I dag har vi også hundar til mange andre oppgåver. Gode døme på dette er førarhundar, offentlege tenestehundar og hundar som brukast i ettersøking.
Hundeklubbar er for hundeeigarar som har ønske om å konkurrere med eller aktivisere hund i ulike greiner innan hundesport, vera med på kurs, eller som ønsker å delta i noko sosialt med hund. Klubbane har treningar og kurs der hund og eigar kan trene opp dugleik på ulike område. Dei kan vera med på utstillingar, leik og sosialisering. Alt dette er aktivitetar dei fleste klubbar tilbyr. Hundesporten byr på eit stort sosialt samlingspunkt.