Huringen IF - Judo

Leiar: Ole Johnny Kaspersen
Telefon: 48 10 60 01
Kontaktperson: Ole Johnny Kaspersen
Telefon: 48 10 60 01

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Judo

Judo er ein japansk fullkontakt kampsport, utvikla i 1882 av Jigoro Kano frå jiu-jitsu. Japansk «ju» betyr «myk» og «do» betyr «veg» - det vil seie «den mjuke vegen». Judo inneheld ingen slag eller spark, men handlar om å utnytte motstandarens styrke til eigen fordel. Målet er å kaste eller felle motstandaren, låse fast eller på andre måtar pasifisere motstandaren. Ein judokamp startar ståande, men endar ofte opp som bakkekamp. Ståande brukast ulike kast og fot-teknikkar, medan ein på bakken bruker ulike kontrollteknikkar.

Judo stillar størst krav til teknikk, samhandling og koordinasjon. Etter kvart som ein vert eldre fokuserer ein meir på styrke, hurtigheit og uthald. Judo vert utøvd i heile verda og er verdas 7. største olympiske idrett, med over 20 millionar utøvarar. Den har vore OL-grein sidan 1964.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk