Reinsparken

Leiar: Silje Hagen
Telefon: 46 88 88 96
Kontaktperson: Silje Hagen
Telefon: 46 88 88 96

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Reinparken

Reinparken er ein sosial møtestad for uorganisert aktivitet, der temaet er villrein. Parken inneheld eit flott sykkelanlegg, som består av ein pumptrack (asfaltert bane), hopplinje (hoppbakke for sykkel), ferdigheitsløype i skogen, og etter kvart ein «wallride» (sykkelvegg) i treverk til å sykle på. I tillegg går det ein sti/joggeløype gjennom området og skogen i bakkant av sykkelanlegget, som bind heile parken fint saman. Joggeløypa er om lag 1,2 km lang, og går i flatt terreng. Her kan ein rusle eller trille gjennom skogen på ein universell tilrettelagt sti av grus.

Når heile parken er ferdig, vil det også vera tilrettelagt med ein badekulp i vestenden av parken, slik at ein har fleire aktivitetsmoglegheiter på staden. Det vil også koma kule sitjeplassar i området, der ein vil kunne slenge seg ned, å «henge» - bokstaveleg talt. Temaet villrein vil dukke opp fleire stader på ulike måtar. Reinparken ligg sentralt tilknytt E-134, skule, barnehage og helsehus på Edland, og vil vera eit heilårsanlegg. Velkomen!

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk