IL Dyre Vaa - Klatring

Leiar: Kristian Holtberget
Telefon: 414 10 272
Kontaktperson: Kristian Holtberget
Telefon: 414 10 272

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Klatring

Menneska har vandra og klatra i fjell heilt sidan dei såg fjell for fyrste gong. I starten var det mest for jakt eller transport, men etter kvart også for rekreasjon, trening og spennande naturopplevingar. Noreg har fantastiske mogelegheitar for klatring ute i naturen, og du finn aktive klatreklubbar over heile landet. Tilbodet varierer fra buldring, tinderangling og brevandring til sportsklatring og storfjellsklatring.

I seinare år har mange idrettslag, ungdomsklubbar og andre laga innandørs klatreveggar. Det finst også store klatresenter der all aktivitet går føre seg innandørs på ein vegg der rutene kan tilpassast ønskt vanskegrad. Klatring som idrett er fysisk krevande, og set store krav til uthaldande styrke, balanse og smidigheit.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk