Leder: Lena Øygarden Gaastjønn
Telefon: 97496485
Kontaktperson: Lena Øygarden Gaastjønn
Telefon: 97496485
 

Fjellrøyst

Damekoret Fjellrøyst er ein gjeng med glade damer som syng saman på Øyfjell grendehus kvar onsdag. Fjellrøyst tek på seg små oppdrag og held eit par større konsertar i året.

Me starta opp i oktober 2017 og øver inn songar i variera sjangrar og form. Då me starta, hadde fleirtalet av oss aldri sunge i kor før, så hjå oss er det rom for både nybyrjarar og skolerte songarar. Me er altså eit kor i vekst, både musikalsk og i antal, og me har det grueleg moro saman!

Velg språk

Aktuelt språk: Nynorsk