Sogn Terrengsykkel

Leiar: Stian Bjørnli
Telefon: 997 77 790
Kontaktperson: Stian Bjørnli
Telefon: 997 77 790

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Terrengsykling

Terrengsykling er ei grein innan sykkelsporten som går på stiar, grusvegar og i ulendt terreng. I sporten blir terrengsykkel brukt, og ein terrengsykkel blir kjenneteikna ved at han er kraftig bygd med breie, grove dekk. I tillegg har dei fleste terrengsyklar demparar både framme og bak. I terrengsykling syklar utøvarane i løyper med ulendt og utfordrande terreng. Skog og grusvegar er godt eigna og blir ofte brukt til løyper i sykkelritt og på treningar.

Det finst ulike greiner innan terrengsykling. I konkurransegreina "rundbane" blir det køyrt rundar i skogen på grus og stiar med hindringar (til dømes steinar og røter). I greinene "utfor" og "enduro" konkurrerer ein i å sykla raskast nedover. Konkurransane går på meir tekniske stiar og konkurransetida er kortare.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk