Kvar veke får rundt 300 elevar si undervisning i Sogn kulturskule, anten individuelt eller i grupper. Ei veke i kulturskulen er fylt av magiske opplevingar. Nokre gonger oppstår desse i undervisningsrommet – andre gonger i teatersalen, konsertsalen, dansesalen, galleriet eller heime når elevane øver. Dei viktigaste føresetningane for at dette skjer, ligg i dei trygge rammene kulturskulen sine lærarar legg for opplæringa, den gode relasjonen mellom elev og lærer, og ikkje minst den solide fagkompetansen våre lærarar har – både som utøvande kunstnarar og pedagogar.
Sogn kulturskule har ei rekke opplæringstilbod innan teater, dans og musikk, for elevar i alle aldrar. Me underviser ein rekkje stader frå Balestrand til Skjolden, men hovudbasen er i Sogndal kulturhus. Kulturskulen har òg tilrettelagd undervisning. Me i Sogn kulturskule kan love meistring, glede og magiske opplevingar. Velkommen inn i kunsten!