Sykling er ein populær mosjons-, og fritidsaktivitet, i tillegg til tevlingsidrett. I sykling skal ein kome seg fram i eit bestemt terreng eller bane ved hjelp av sykkel, og ein må bruke eiga muskelkraft for å kome seg framover. Det finst ulike greiner innanfor sykling, der dei meste utbreidde er landevegssykling, terrengsykling og banesykling.
Landevegssyklar er lette syklar med smale dekk. Ein tevlar på landevegar med fellesstart, temporitt eller etapperitt som går over fleire dagar. I terrengsykling syklar utøvarane i løyper med ulendt og utfordrande terreng. Skog og grusvegar er godt eigna og vert ofte brukt til løyper i terrengløp. Terrengsyklar er kraftig bygde med breie, grove dekk. Banesyklar er derimot særs lette syklar, som kan oppnå stor hastigheit. Banesykling kan gå føre seg på baner bygd av tre innandørs, eller baner av betong eller asfalt utandørs. I sykkelritt kan ein tevle individuelt eller som lag.