Leikanger Røde Kors - Hjelpekorps

Leiar: John Petter Svedal
Telefon: 952 44 830
Kontaktperson: John Petter Svedal
Telefon: 952 44 830

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Røde Kors - Hjelpekorps

Norske Røde Kors er ei ikkje-statleg norsk nasjonalforeining som er basert på frivillig arbeid. Røde Kors finst også i mange andre land og dei har dei felles prinsipp, mål og symbol. Målet med Røde Kors er å oppdaga, hindra og lindra lidingar og nød som menneske blir utsette for.

Røde Kors arbeider også for respekt for mennesket. Gjennom fleire ulike tiltak prøver det norske Røde Kors å få til nettopp dette. Dei har mellom anna utvikla fleire omsorgsaktivitetar i Noreg for å motverka ekskludering, skapa trygge oppvekstrammer og motverka konfliktar og vald. I tillegg deltek Røde Kors i tryggingsarbeidet i det lokale samfunnet og beredskap, for å unngå eller redusera skadar når ulykker skjer. Røde Kors har også eit hjelpekorps som rykkjer ut på kort varsel og er klar til å hjelpa der det trengst. Det norske Røde Kors har opplegg for både skular og barnehagar rundt omkring i landet, der formålet er å spreia kunnskap om prinsippa i foreininga.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk