Leikanger Røde Kors - Besøksvenn

Leiar: Kirsten Jorunn Handeland
Telefon: 90501614
Kontaktperson: Kirsten Jorunn Handeland
Telefon: 90501614

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Røde Kors - Besøksvenn

Besøksvenn er eit tilbod for menneskjer som av ulike årsaker ynskjer meir kontakt med andre menneskjer. Røde Kors Besøksvenner bidreg til å gjere kvardagen lettare for einsame i alle aldrar. Rundt om i landet finst det fleire tusen frivillige besøksvener som besøker menneskjer i både private heimar og på institusjonar. Dei fleste besøksvenene har ein person dei besøker fast – som regel ein time eller to i veka.

Besøksvenen og den som får besøk vel saman kva dei skal gjere. Dei går turar, gjer andre sosiale aktivitetar, eller møtast berre for å prate. Ein kaffikopp i veka med ein besøksvenn er ein verdi som vanskeleg lar seg skildre eller måle. Besøksvenene lager òg felles sosiale møteplassar som tilstellingar, turar, utflukter, trimgrupper og andre arrangement. Besøkstenesta utviklar seg stadig, og det finst mange ulike tilbod og moglegheiter. Røde Kors Besøksvenn med hund skaper trivsel og glede for menneskjer på institusjonar og heime med «omsorg for pels».

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk