Notodden Orienteringslag

Litt om Orientering

 

Orientering er ein idrett som går ut på at ein ved hjelp av kart og kompass skal finne fram i eit bestemt terreng raskast mogleg. I orientering får du trena opp uthaldenheit og du lærer å bruk kart og kompass.

I orientering har ein ei løype som er teikna opp på eit kart. Det er fleire postar ein må innom før ein kjem i mål. Postane er markert med eit postflagg og plassert på ulike detaljar i terrenget. Terrenget ein skal orientere seg i, skal vera mest mogleg ukjent for dei som deltar. Difor er det vanleg å bruke skogen som terreng. Det finst orienteringskonkurransar ein kan vera med på året rundt, og konkurrere aleine eller på lag med andre. Ein kan også konkurrere når det er mørkt ute. Dette blir kalla nattorientering og ein brukar då pannelykt for å finne fram.

Kontakt Notodden Orienteringslag

Leder: Hugo Christensen
Telefon: 47277160
Mail: hug-chri@online.no
Kontaktperson: Randi Mork
Telefon: 99047070
Mail: randi.mork@usn.no