Notodden Bordtennisklubb

Litt om Bordtennis

 

Bordtennis er ein av verdas største idrettar. Det er ein racketsport som til vanleg vert spela inne, av to eller fire spelarar. Spelet er raskt og går ut på å slå ein rund, liten og lett plastball fram og tilbake over eit nett på tvers av bordtennisbordet. Ballen skal sprette berre ein gong før han vert returnert.

Spelarane slår ballen med racketar frå side til side, og den som bommar, taper poenget. Har du vunne ballvekslinga, får du eitt poeng, uansett om du servar eller ikkje. Det er mest vanleg å spele til 11 poeng, og dette vert kalla eit sett. Blir poengstillinga 10-10 i eit sett, skal settet halde fram til ein spelar ligg 2 poeng framføre den andre spelaren. Den som vinn tre sett, har vunne kampen. Det vert arrangert lokale og større bordtennisturneringar rundt omkring i Noreg, der ein kan delta heile året.

Kontakt Notodden Bordtennisklubb

Leder: Karl Arne Lia
Telefon: 992 58 998
Mail: leder@notoddenbtk.no
Kontaktperson: Joanna Sierputowska
Telefon: 902 91 558
Mail: joanna.sierputowska@kongsberg.kommune.no