Nome Kulturskole

Leder: Rektor: Cedomir Popadic
Kontaktperson: Rektor: Cedomir Popadic
 

Nome Kulturskole

Ein kulturskole er eit kommunalt tilbod som gir barn og unge opplæring i samsvar med dei evner og føresetnader eleven har. Undervisninga tar utgangspunkt i at alle menneske har behov for å gi uttrykk for følelsar, tankar og fantasiar gjennom kunstnariske uttrykk. Skolen legg difor til rette for ei opplæring som gjev glede i skapande verksemd, personleg vekst og kunstnarisk utvikling hos elevane.

Elevane får ei individuelt tilpassa undervisning, og det blir gitt tilbod på eit variera utval av musikk-instrument, i dans og andre uttrykksformer. Skolen ønsker spesielt å legge til rette for samspel både kunstnarisk og menneskeleg, gjennom samspel i grupper og ved felles framsyningar.

Velg språk

Aktuelt språk: Nynorsk