Leder: Kristian Karlsen
Telefon: 917 40 365
Kontaktperson: Kristian Karlsen
Telefon: 917 40 365
 

Padel

Padel, eller padel-tennis, er ein racketsport som stammer frå Mexico. Det er ein kombinasjon av tennis og squash og vert spelt både innan- og utandørs. Vanlegvis speler ein double (to-mot-to), men det finst òg singelbaner (ein-mot-ein). Banen er utforma med veggjer som i squash, men med nett som i tennis. Racketane er tjukkare enn i tennis og squash. Dei er mindre i størrelse og utan strenger. Dette gjev spelaren meir kontroller over racketen.

I padel treng ein mindre styrke og tekniske ferdigheiter enn tennis. Det gjer at padel passer både barn og vaksne med ulike ferdigheitsnivå. Mange opplev tidleg meistring i padeltennis, samstundes som ein får ei god treningsøkt. Sjølv om padel er ein miks av det beste frå to idrettar, treng du ikkje å ha spelt korkje tennis eller squash for å like denne sporten.

Velg språk

Aktuelt språk: Nynorsk