IL ROS - Håndball

Litt om Håndball

 

Handball er eit innandørs ballspel på ein bane med eit mål i kvar ende. Spelet har to lag, og kvart lag prøver å vinne ved å score flest moglege mål. Kvart lag har 7 spelarar. Ein spelar forsvarer målet sitt (keeper). Dei andre 6 er utespelarar.

Handball vert spela med hendene. Keeperen kan innanfor sitt eige målfelt stoppe ballen med heile kroppen. Når ein spelar handball, sender ein ballen til kvarandre ved å kaste han. Spelaren som har ballen, kan gå tre skritt før han eller ho må kaste ballen frå seg, eller sprette han i bakken. Handball er eit spel med mykje fart, og laga vekslar heile tida på å vera i angrep. Ein handballkamp består av to omgangar. Kvar omgang er opptil 30 minutt. Det laget som får flest mål, vinn kampen, og får 2 poeng i seriespelet. Det blir eitt poeng til kvart lag dersom dei har scora like mange mål etter full tid.

Kontakt IL ROS - Håndball

Leder: Atle Hellerud
Telefon: 97953277
Mail: atle.hellerud(a)hotmail.com
Kontaktperson: Atle Hellerud
Telefon: 97953277
Mail: atle.hellerud(a)hotmail.com