Speidarrørsla er ein av verdas største barne-og ungdomsrørsler og har ca 54 millionar medlemmer i mange land over heile verda. Speiding er friluftsliv året rundt, og opplevingar saman med andre. Speiding handlar om å samarbeida om oppgåver, om vennskap som oppstår og blir utvikla undervegs - også på tvers av landegrenser.
I speidaren engasjerer du deg for menneska du har rundt deg og for dei du ikkje kjenner. Speiding handlar om å ha det gøy, vera ute i naturen, vera saman med venner og få nye venner. I speidaren lærer ein seg å utfordra seg sjølv, ein opplever nye og spennande ting, og ein reiser på turar, på speidarleir og mykje meir. I speidaren lærer ein om naturen, om tryggleik, og om førstehjelp. Gjennom speiding kan ein utvikla seg til å bli meir sjølvstendig og ansvarsmedvite.