Kvar veke får rundt 2000 elevar si undervisning i Asker Kulturskule, anten individuelt eller i grupper. Ei veke i kulturskulen er fylt av magiske opplevingar. Nokre gonger oppstår desse i undervisningsrommet – andre gonger i teatersalen, konsertsalen, dansesalen, galleriet eller heime når elevane øver. Dei viktigaste føresetningane for at dette skjer, ligg i dei trygge rammene kulturskulens lærarar legg for opplæringa, den gode relasjonen mellom elev og lærer, og ikkje minst den solide fagkompetansen våre lærarar innehar – både som utøvande kunstnarar og pedagogar.
Asker Kulturskule har ei rekke opplæringstilbod innan teater, visuell kunst, dans og musikk, hovudsakleg for barn og unge frå 0-19 år. Kulturskulen har òg tilrettelagd undervisning. Me i Asker Kulturskule kan love meistring, glede og magiske opplevingar. Velkommen inn i kunsten!