Asker Aliens Damer

Leiar: Karine Bergseth
Telefon: 911 01 205
Kontaktperson: Karine Bergseth
Telefon: 911 01 205

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Basketball

Basketball er ein av dei mest populære lagidrettane i verda. Spelet føregår på ein bane som er 28 meter lang og 15 meter brei. I kvar ende av bana heng det ei korg 3.05 meter over bakken. To lag, kvar med fem spelarar, tevlar mot kvarandre i 4 omgangar à 10 minuttar. Spelarane bruker hendene til å stusse ballen i bakken for å kunne flytte seg innanfor banen si markering. I tillegg brukar dei pasningar og kan lage strategiar både for angrep og forsvar.

Målet er å ha flest poeng (mål) når spelet er over. Spelarane kan få to eller tre poeng når dei treffer med ballen oppi korga, avhengig av kor dei kaster frå på bana. Dessutan kan dei få eitt poeng ved straffekast. Trass i mange reglar, er basketball relativt lett å lære seg å spele. Det er eit raskt spel med mykje teknikk og ofte mange poeng, noko som gjer det spanande for både spelarar og publikum. Ein myte er at basketballspelarar må vere fysiske høge. Mange av dei beste spelarane i verda har «normal» høgde. Basketball er ein idrett for alle og kan spelast både utandørs og innandørs.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk