Vinje Kulturskule

Litt om Vinje Kulturskule

 

Ein kulturskule er eit kommunalt tilbod som gjev barn og unge opplæring i samsvar med dei evner og føresetnader eleven har. Undervisninga tar utgangspunkt i at alle menneske har trong for å gje uttrykk for kjensler, tankar og fantasiar gjennom kunstnariske uttrykk.

Kulturskulen legg difor til rette for ei opplæring som gjev glede i skapande verksemd, personleg vekst og kunstnarisk utvikling hos elevane. Elevane får undervisning som er individuelt tilpassa, og det blir gjeve tilbod på eit variera utval av musikk-instrument og andre uttrykksformer. Skulen ynsker å legge til rette for samspel både kunstnarisk og menneskeleg, gjennom samspel i grupper og ved felles framsyningar.

Kontakt Vinje Kulturskule

Leder: Andrea Kasbo Rygh
Telefon: 970 96 524
Mail: andrea.kasbo.rygh@vinje.kommune.no
Kontaktperson: Andrea Kasbo Rygh
Telefon: 970 96 524
Mail: andrea.kasbo.rygh@vinje.kommune.no