Leikanger Skyttarlag

Leiar: Kjell Magne Brekken
Telefon: 90576186
Kontaktperson: Kjell Magne Brekken
Telefon: 90576186

 

Jeg vil bli kontaktet av aktiviteten

Leikanger skyttarlag

I eit skyttarlag får ein moglegheit til å øve seg på praktiske skyteferdigheitar ved å skyte på skiver frå ulike avstandar. I skyting tevlar gutar og jenter i same klasse, med lik føresetnad for å lukkast. Her er kvalitetar som god konsentrasjonsevne og psykisk styrke viktig for eit godt resultat.

Det finst mange spanande skyteøvingar: Bane-, felt-, skifelt-, skogsløp-, stang-, felthurtig-, og innandørsskyting er tevlingsformane du vil møte i eit skyttarlag. I øvingane skyt ein med fin- eller grovkalibra rifle. Baneskyting og feltskyting er hovudaktivitetane. Baneskyting går føre seg på faste skytebaner, der dei under 18 år og dei over 65 år skyt på 100m avstand, medan seniorskyttarane skyt frå 200m eller 300m. Skivene ein skyt på er runde og delt inn i poeng frå 1-10. Feltskyting går føre seg ute i terrenget mot ulike figurar på varierte avstandar. I eit skyttarlag vert det lagt stor vekt på sikkerheit og instruktørar vil alltid vere til stades og passe på at sikkerheitsreglane vert overhaldne på standplass.

Vel språk

Aktuelt språk: Nynorsk