Notodden EL-Innebandy

Litt om EL-Innebandy

 

EL-Innebandy er ein tilrettelagt lagidrett for barn, ungdom og vaksne som er meir eller mindre bevegelseshemma. Spelarane nyttar spesialbygde, elektriske sportsstolar, og spelet går føre seg i ein gymsal eller ein idrettshall.

Det vert spela på ein bane som er 14 meter brei og 20 meter lang, omkransa av eit innebandyvant. Kvart lag i EL-Innebandy har 3 spelarar på banen samstundes. Ein av spelarane kan fungere som målvakt. Det er såleis eit lagspel. Samarbeid, samspel og speleglede er sentralt i idretten. Reglane kan samanliknast med vanlege bandyreglar. Taktikk og øvelsar kan samanliknast med fotball og handball. Stolen vert styrt av spelaren sjølv, ved hjelp av ein joystick, eller ein får hjelp av ein som står bak stolen på rulleskøyter. Dei elektriske sportsstolane set store krav til køyremeistringa hos spelarane. EL-Innebandy er eit morosamt lagspel med mykje fart. I tillegg til sjølve aktiviteten står det sosiale også sentralt.

Kontakt Notodden EL-Innebandy

Leder: Tone Margit Ørvella Steinhaug
Telefon: 906 30 117
Mail: ton-stei@online.no
Kontaktperson: Gry Fuglestveit
Telefon: 990 38 207
Mail: gryblinger@hotmail.com