Notodden barne og ungdomsteater

Litt om Barne og ungdomsteater

 

I framføring av teater blir det fortalt ei historie til publikum, ved hjelp av dramatisk tekst og handling. Skodespelarane i eit teaterstykke får ei rolle dei skal framføre. Nokre gonger improviserer dei, eller dei har innøvde replikkar og handlingar på scenen.

Barn og ungdom i teatergrupper møtest nokre kveldar i veka , for å gjere teaterøvingar. Det finst også teatergrupper for vaksne. Til vanleg set ein opp ein eller fleire framsyningar gjennom året. Da er det ofte mange førebuingar, og det er mange moglegheiter til å vere kreativ, i tillegg til det å vere skodespelar. Element som lyssetting, scenekulisser, sminke, kostyme, lyd og spesialeffektar er nokre av dei tinga ein kan bidra med i ei teatergruppe. Gjennom drama og teater lærer ein samspel i gruppe og å bli trygg på seg sjølv.

Kontakt Notodden barne og ungdomsteater

Leder: Ingvild Birkeland
Telefon: 480 30 517
Mail: ingvild.birkeland@usn.no
Kontaktperson: Cecilie Lerstang/ Tone Cronblad Krosshus
Telefon: 46817486/ 920 41 226
Mail: cecilielerstang@yahoo.no/ tone.c.krosshus@hit.no