Notodden Backgammonklubb

Litt om Backgammon

 

Backgammon er eit gammalt spel, som blei spela i Arabia og Persia allereie for 5000 år sidan. Brettspelet er for to personar, og kvar spelar har 15 brikker som blir flytta etter terningkast. Den som først får flytta alle brikkene sine ut av brettet, vinn spelet.

Når ein spelar, skal ein begynne på kvar si side av brettet og prøve å få alle brikkene sine over på den andre sida, og etter kvar ut av brettet. Samtidig skal ein prøve å hindre at motstandaren får sine brikker over på di side. Det er ikkje lov å flytte brikkene sine til eit felt der motstandaren har to eller fleire brikker ståande. Dersom ei brikke derimot, blir flytta til eit felt med berre éi av motstandaren sine brikker, vert denne slått ut av brettet og må starte på nytt igjen. Backgammon er eit strategispel, men terningkast er også eit morosamt element av spenning i spelet.

Kontakt Notodden Backgammonklubb

Leder: Morten Gjerde
Telefon: 906 42 900
Mail: mg@mortengjerde.com
Kontaktperson: Morten Gjerde
Telefon: 906 42 900
Mail: mg@mortengjerde.com