Heddal IL Hoppgruppa

Litt om Skihopp

 

Skihopping er ein populær vinteridrett der utøvaren hoppar på ski i ein hoppbakke. Eit skihopp skal vere så langt og stilfullt som mogleg. Hoppbakkar finst i alle storleikar, frå dei minste barnehoppbakkane på nokre få meter, til dei største skiflygingsarenaene der det er mogleg å sveve over 250 meter i lufta.

I hoppbakken skal utøvaren ta sats på hoppet og sveve i lufta så langt som mogleg, før nedslaget settast i bakken. Landinga skal helst utførast med eit telemarknedslag. Det vil seie at ein bøyer knea medan eitt av skia vert ført framover. Hoppski er lange og breie i høve til andre typer ski, og gjer at det skal vere lettare å halde balansen når ein landar. Domarane gjev stilkarakterar som saman med lengda på hoppet avgjer plasseringa i konkurransen. Ballanse, spenst og koordinasjon er viktige eigenskapar i denne idretten.

Kontakt Heddal IL Hoppgruppa

Leder: Werner Schrøder
Telefon: 480 13 555
Mail: wernersch@hotmail.com
Kontaktperson: Kim Richard Bjørndalen
Telefon: 932 69 047
Mail: kim.r.bjorndalen@nenett.no