Langrenn er ein vinteridrett. Ein går på ski, ulike distansar, individuelt eller på lag. Frå gamalt var det berre ein stilart, klassisk stil. I klassisk stil fylgjer ein skisporet og let skia gli i diagonalgang. Dette blir framleis mykje bruka, men i dei siste åra har fristil gjort seg meir gjeldande i langrenn. I fristil skuvar ein skia utover frå kroppen slik skøyteløparane gjer.
Uavhengig av kva for ein stilart som vert nytta, handlar langrenn i konkurransar om å koma seg raskast mogleg gjennom løypa. Det finst fleire typer renn innanfor langrenn. Skiatlon og stafettar er blant dei mest populære. Langrenn er ein svært folkekjær idrett i Noreg, og ein fritidsaktivitet som mange er glad i. Ein kan drive med langrenn heile året. Når det ikkje er snø, blir skia bytt ut med rulleski og trening på barmark.