Turlag er foreiningar for alle og ein kvar. Målet er å leggje til rette for eit aktivt, enkelt og naturvenleg friluftsliv. Med friluftsliv meiner ein at ein kan bruke fritida si til å vera fysisk aktiv i naturen. I det norske landskapet kan ein til dømes ta fotturar, båtturar, skiturar og sykkelturar.
Er ein medlem av Turlag, får ein høve til å vera med på opplevingsrike og sosiale turar. I tillegg vil ein lære nye ting om naturen. Turlag arrangerer fleire ulike slag turar i norsk natur gjennom året. Det kan vere dagsturar og overnattingsturar. Slike turar blir leia av erfarne turleiarar, som på førehand har lagt til rette og planlagt alt. Dei norske turlaga har også ei mengd kurs ein kan vera med på. Dei arrangerer blant anna klatrekurs, kurs i kart og kompass og i førstehjelp.