Innebandy er ein lagsport som går føre seg på bart underlag med køller laga av plast eller karbon. Ballen som blir nytta er ein liten, hol plastball med hol. Banen er 40 x 20 meter og blir omgitte av eit vant som er 50 cm høgt, med runde hjørne. Begge lag har 5 utespelarar og kvar si målvakt utan kølle.
Ein innebandykamp består vanlegvis av tre omgangar på 20 min, og ein kamp blir leidd av to dommarar. Målvakta bruker målvakthjelm og utespelarar under 19 år bruker vernebriller. Tøff nærkontakt er ikkje tillaten, då utespelarane ikkje har på verneutstyr. Det er om å gjera å plassera ballen i målet til motstandaren. Eit mål kan berre skårast med kølla og det er berre målvakta som har lov til å stoppa ballen med hendene. Det laget som skårar flest mål, vinn kampen. Dersom det står uavgjort etter 3 omgangar, blir speletida forlengd med 10 minutt. Er det framleis uavgjort, blir kampen avgjord med straffeslagkonkurranse.