Aerobic Øyfjell

Litt om Aerobic

 

Ingenting er meir morosamt og energigjevande enn å trene i lag! Og i den vesle bygda Øyfjell, i Vinje kommune, skjer det noko på bygda sitt grendehus kvar einaste dag. Ein av aktivitetane her er aerobic, og tilbodet har eksistert på det 12.året no. Kvar måndag, frå 1930-2030, blir salen fylt av fengjande rytmar og danseglede.

Timen er lagt opp som eit lite danseprogram, der me sakte men sikkert bygger opp trinna. Steg for steg, trinn for trinn; me repeterer og terpar og endar til slutt i ein strålande finalerunde. Du treng ikkje å ha gått på saltimar før, sidan du kjapt vil komme inn i programmet. Om lag to gonger i halvåret byter me koreografi, slik at alle skal ha sjans til å lære seg trinna. Det er lov å bomme og tråkke feil – det viktigaste er å ha det gøy, sveitte og føle seg litt som ein dansestjerne i kvardagen.

Kontakt Aerobic Øyfjell

Leder: Kulturgruppa i Øyfjell
Telefon: 92899998
Mail: emilie.asplin@t-fk.no
Kontaktperson: Emilie Asplin
Telefon: 92899998
Mail: emilie.asplin@t-fk.no